Program- og nominasjonsmøte Grünerløkka Arbeiderparti
Arrangement
8. feb, kl. 18:00 – 20:00, Partikontoret - Brundtland
Program- og nominasjonsmøte i Grünerløkka Arbeiderparti 8. februar kl. 18
Velkommen til program- og nominasjonsmøta i Grünerløkka Arbeiderparti!
Styret innkallar med dette til programmøte onsdag 8. februar kl.18.00
Dagsorden:
- Konstituering, med val av møteleiar, referent, protokollunderskrivarar og tellekorps.
- Godkjenne innkalling
- Framlegging av utkast til program, ved programkomiteens leiar Helge Flø Kvamsås
- Debatt
- Votering
På møtet skal vi diskutere og vedta politikken vi skal gå til val på i bydelsutvalvalet i Grünerløkka i 2023. Ein må vere medlem for å møte, men både nye og gamle ynskjast hjarteleg velkomne!
Dersom de har endringsforslag er det fint om de vil sende desse til [email protected] seinast tysdag 7. februar kl. 18.00. Det vil vere høve til å fremme endringsforslag i møtet også, men forslag fremma før dette vil programkomiteen raskt vurdere om kan innarbeidast.
Styret innkallar også til nominasjonsmøte.
Dagsorden:
- Konstituering, med val av møteleiar, referent, protokollunderskrivarar og tellekorps.
- Godkjenne innkalling
- Nominasjon. Nominasjonskomiteen ved Trine Lise Sundnes legg fram si innstilling. Deretter påfølgande debatt og votering.
Vel møtt!